|
# 7
Hausten 1988 var båtlaget komen i
dialog med Småbåthavner A/S og vedtok kjøp av betongflyteelement.
Småbåthavner A/S leverte eit
videoopptak som viste at betongflyteelementa tåler sterk storm. Det var reklamen dei skulle overtyde oss med. Det fyrste havariet skjedde 22. desember 1988, berre 1 månad og 5
dagar etter at Småbåthavner A/S hadde lagt ut bryggjene. Stormen var
då så kraftig at den reiste med bryggjer og forankringar inn mot
land. Det vart gjort skader både på utriggarane og båtane som låg
ved bryggjene.
Video av
Oddvar Lyngset viser tydleg at betongflytebryggene var ubrukleg
og
Moloen suksess
Småbåthavner A/S vart gjort kjend med havariet og allerede i romjula
kom det folk derfrå og såg skaden. Dei innrømde å ha feilvurdert
værproblema og lova å komme att og forsterke forankringane på nyåret
10. januar 1989. Dette såg ut til å fungere tilfredsstillande, men
den 10. februar kom ei ny kraftig storm. Då slitna landfeste til
bryggjene og dei glei eit stykkje ut frå land. Dermed for landgang
utfor byggja og rasa på sjøen, i fallet tok den med seg fronten av
moloen som den var festa til.
Etter at skadene var reparerte kom
det nye stormar som perler på ei snor, men forankringane heldt, og
bryggjer vart liggjande, så jobben som no var gjordt den var god,
men no oppstod det nye problem. Hamna og betongflytebryggene hadde fått eit dårleg rykte på
folkemunne. Dei nye medlemmene som vi trengte så sårt når rekningane
skulle betalast, uteblei...
Vi reforhandla avtalen med
Småbåthavner A/S og når det meste av den uheldige handelen vår var
ute av verden var det ikkje anna å gjere enn å starte på nytt og
alle var einige, skulle det no verte noko, måtte det bli MOLO...
20. oktober 1989 var det invitert til
anbodsrunde for transport av stein, bygging av molo og utgraving av
leirmassar i bassenget. Torbjørn Engene vart valgt som entrepenør
som starta opp allerede ved årskifte i 1990. Her kjem meir historie
med nye forteljarar....
|